Bjoren båttur

  • Velkomen til ein båttur du vil hugse lenge!

    Ein båttur på Byglandsfjorden er ei flott naturoppleving. Ein tur med den gamle vedfyrte dampbåten „Bjoren” er ei oppleving av dei sjeldne. Ta deg tid til ein båttur. Vi er sikre på at det blir eit av dine beste ferieminne.

    Turane tek utgangspunkt på Byglandsfjord, alternativt Bygland.

    Utanom dei åpne turane kan det køyrast turar for grupper opp til 55 personar. Passar ypparleg som avbrekk i bussturar, sykkelturar, for lag, foreiningar, firma, slektstemne, bryllup o.l. Vi arrangerer også turer saman med restaurantar, kafèar, og overnattingsstader langs Byglandsfjorden.

     

    Charterturer

    Du kan leige Bjoren til firmaturer, familieselskap og vennesamlinger o.l. Det er plass til 55 passasjerar. Det er skjenkeløyve for øl og vin ombord.

    Prisane er:

    For dei to første timane: kr 7.000,-.

    Ut over dette: kr 1.200,-/time.
    Guide med ombord: kr 1.500,-/tur.

    Turen kan byrje på Byglandsfjord, Bygland eller Ose lengst oppe i Åraksfjorden. Det er 2 timars kjøyring mellom kvar av desse stadene. Mellom Byglandsfjorden og Åraksfjorden er det ei slusepassering ved Storestraumen.

    Kom med dine ønsker, vi har mange moglegheiter!

    Sesong:

    Juni – august (dersom vannstand tillet det så kan det køyrast turer i september og).

    Bestilling av charterturer:

    Revsnes Hotell, 4741 Byglandsfjord

    Telefon 37 93 46 50, e-post: post@revsneshotell.no

    alt. Bjoren på tlf. 995 18203

  • 054 zoom 2_1_0

    Screen Shot 2015-02-16 at 13.35.02