Sykkelruter

  • Det er eit ypparleg sykkelterreng i nærområda. Ta med sykkel, eller du kan leige hjå Odden Camping, Destination Setesdal eller Troll Aktiv.

    Det er eit ypparleg sykkelterreng i nærområda. Ta med sykkel, eller du kan leige hjå Odden Camping, Destination Setesdal eller Troll Aktiv.

    Nasjonal sykkelrute nr. 3, Kristiansand – Haukeligrend. Opplev Setesdal frå sykkelsetet. Sykkelrute nr. 3 startar i Kristiansand sentrum, går til Vennesla og vidare til Kile og Evje, for så å gå vidare opp Setesdal til Haukeligrend.

    Første delen av ruta går langs hovudveg og sykkelsti. Frå Vennesla går den over på grusveg og ein nedlagt jernbanetrasé, der Setesdalsbanen gjekk fram til 1962.

    Den går innom små tettstader og gjennom vakker natur, langs med vatn og vassdrag. Med få unntak går ruta vidare langs gamal veg, og på den gamle jernbanetraséen fram til Syrtveit. Undervegs kan du bli med på aktivitetar, eller få med deg attraksjonar langs vegen. Ruta er lett å sykle, og eignar seg godt for barnefamiliar. Enkelte overnattingsbedrifter har syklist velkommen status.

    Der er det lagt til rette for sykkelturistar med tørkeplass, sykkelreperasjonar og sykkelutleige. Det er produsert ein guide som omtaler ruta i detalj. Den finn du på turistkontor, campingplassar og liknande i distriktet

    http://www.setesdal.com/Aktivitetar/Evje-og-Hornnes/Sykkel/

  • bike-park-evje

    pumptrack

    125